Tu amor llegará al mundo.
Your love will reach out to the world.
Din kjærleik skal nå ut.




Din kjærleik


Din kjærleik skal nå ut til heile jorda,
i nåden din kan alle folk få bu.
Ein evig dag har kome oss i møte,
og folkeslaga kan bli eitt i Gud.

2

Du sender oss, og glansen frå din kjærleik
skal skine fram i siger og i tap,
så Kristus strålar fram i nye andlet,
eit morgongry skal bli til høglys dag.

3

Vi sår ditt ord frå høgfjell og til havet,
vi går i mot og frykt, vi skjelv og bed.
Lat våre trinn få vera i din Ande,
så våre spor ber kjærleiken frå deg.

4

Små nakne frø er gøymt i heile verda,
og trea skiftar farge av di frukt.
Og vi får kjenne duft av dine greiner
i varmen din og freden av din pust.

5

I takk og tvil kan tonane frå folka
bli song for oss og glimt på jord av deg.
Det let oss få eit lys ifrå ein himmel
så vi kan kjenne kjærleiken frå deg.


Kristin Reitan
Molde 2004/06




Salmekveld i Molde domkirke
og kor og frammøtte
er med i songen.


Solist:
Johan Moen.



"Syng for han,
lovsyng han,

tal om alle hans under!

Ros dykk av 
hans heilage namn!

Lat dei som søkjer Herren,
gleda seg i sitt hjarta.

Spør etter Herren
og hans kraft,

søk alltid hans åsyn!"


Frå Salme 105.



| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.