1.
Eg overgjev meg i dei vare hender
der naglar teikna bilete av meg,
så du kan vende
alt det vonde som eg kjenner,
til rettferds sæle frukt
og duft av deg.
2.
Eg kviler trygt i dine gode hender,
der du kan teikna bilete for meg.
Der får eg sjå den gode
kjærleikseld som brenner,
og reinsar det som ikkje er av deg.
3.
Ja, eg får bu i dine såra hender,
som teikna natta di til til lys for meg.
Dei som ein dag tok bort
dei hindringar eg
kjenner,
så eg i undring kan
få kjenne deg.
Kristin Reitan
Molde 2006/07
Frå Bibelen:
"Han tek ikkje augo sine
frå dei rettferdige.
Han frelser dei ulukkelege
ved deira ulukke
og opnar øyra
deira
gjennom trengsler.
Sjå, Gud er stor,
og vi skjønar han ikkje!"
Frå Job 36.
Job erfarte dette.
Han fekk større skattar
etter si liding enn det
han hadde før.
Etter
Guds møte med Job,
svara han slik:
"Då svara Job Herren og sa:
Eg veit at du kan alt,
og det finst ingen plan
som du ikkje kan fullføra.
Eg vil spørja,
og du skal læra meg.
Frå Job 42.
* * * * * *
Vi kan koma inn i liding
vi óg, slik som Job.
Bibelen er full av trøyst,
medkjensle og lovnader
til truande som lid.
Det kan sjå ut som om
Gud ikkje høyrer oss,
og at vi ikkje
får bønesvar.
Men Guds Ord
seier at:
"Den Herren elskar,
den tuktar han,
og han hudflettar
kvar son som
han tek seg av."
Og så står
det vidare:
"All tukt tykkjest nok,
når ho står på,
ikkje å vera til glede,
men berre til sorg.
Men sidan,
gjev ho dei som
har vorte oppøvde
gjennom
dette,
rettferds sæle
frukt."
Frå Hebr 12.
I lidinga er Job vårt
føredøme.
Det nye testamente
hjelper oss til å forstå
Jobs bok:
"Sjå,
vi prisar sæle
alle dei som held ut.
De har høyrt
korleis Job synte seg
uthaldande,
og har sett
den utgangen
Herren gav.
For
Herren er overlag
full av medkjensle
og miskunn."
Jakob 5.11.
Her ser vi korleis
Bibelen sjølv
forklarar
Jobs bok.
* * * * * * *
Guds tankar for Job
var annleis enn det
han kunne tenkje ut.
Hans vanskar
og grufulle
tap
fekk ein utgang
som var herlegare
enn alt det han hadde
før alle trengslene
ramma han.
I siste kapittel i
Jobs bok vitnar
han om den frukt
Gud let vekse fram
gjennom alt det han
hadde gjennomlevd.
"Berre det ryktet melde,
hadde eg høyrt
om deg,
men no har auga mitt
sett deg."
Job 42.5.
Det som såg ut
til
å vera berre
til ulukke,
det vart til
rik signing.
Guds tankar er ikkje
som våre tankar.
Som himmelen
er høgare enn jorda,
så
mykje høgare
er hans tankar
enn våre.
* * * * * *
Job klaga mykje,
og tenkte ei stund
at Gud var urettferdig,
men han heldt ut lidingane
og gjekk ikkje bort frå Gud,
sjølv då han syntes at han
var heilt urimeleg.
Job synte seg
uthaldande,
stod det.
På tross av djup tvil og klage,
fekk Gud fullføre sin vilje
i Jobs liv.
Gud fullførde
sine tankar for han.
"For han fullfører
det han har fastsett
for meg, og av slikt
er det mykje hjå han."
Job 23.14.
Dette sa Job
midt i lidinga.
Job
vart kjend
med Gud
og fekk sjå
han.
Han fekk sjå
noko av hans
herlegdom!
Paulus skreiv
om det same:
"For vår trengsle ..
for oss verkar
ho
ein ny fullnad
av herlegdom."
Ja, det står
til og med at
det verkar:
"Ein ny fylde
av herlegdom
i overmål på
overmål."
2.Kor 4.17.
Midt i trengsla
kan det sjå ut som om
det er det motsatte
som skjer oss.
Vi forstår
ikkje Gud
og kjem i tvil.
Men Gud vil
at vi skal få del
i noko som er større
enn det vi forstår.
Og han kjenner vegen dit.
Han veit korleis vi
kan få del i dette.
Men vi veit ikkje det.
Vi opplever
trengsla slik:
"All tukt tykkjest nok,
når ho står på,
ikkje å vera til glede,
men berre til sorg."
Hebr 12.
Men i verset før,
står det kva
Gud gjer med oss.
Det står at
"vi skal
få del i hans
heilagdom."
Slik arbeider Gud
med sine barn.
Og han gjer det
fordi han elskar oss.
Nåden får vi gratis
og ufortent ved hans kross,
men krossen i våre liv
gjer oss meir lik han.
Han gjer noko i oss
slik at vi skal få del i
hans heilagdom.
Vi får meir av hans
kjærleik.
Og vi får sjå hans rike!
Vi får sjå kor god han er!
Gleda blir djupare.
Vi får smake
og kjenne at
Gud er god.
* * * * *
Og: han gjer oss
til truande som
tåler liding.
Tåler spott og hån
på grunn av vår tru.
Tåler alle tårane
på vandringa heim til
den staden der dei
skal tørkast bort.
Bibelen seier at
"Det er for tukta skuld
de toler lidingar."
Det er altså slik at
midt i alle lidingane,
leier Gud oss til den
verkelege gleda.
Vi får sjå
og erfare frukta
som veks fram.
Den gleda som er
umissande.
Ja, som gjev det
som står i Hebr 11.1:
"Men tru er
full visse om
det ein vonar."
Ved det Gud gjer
i oss, fører han
fram ei visse i oss.
Etter liding
og tvil får vi
ei
sterkare visse.
Ei
prøva tru.
Og tru
som er meir verd enn
det forgjengelege gull.
De "jublar av glede,
jamvel om de no
ei lita stund,
når så skal vera,
har sorg i mange
slag prøvingar.
Dette hender for at
dykkar prøvde tru,
som er mykje kostelegare
enn det forgjengelege gull
- som vert lutra i eld -
skal verta funnen til
lov og pris og ære .. "
1.Pet 1.6-7.
Slik er det verk
han gjer i oss.
Det vi sjølv
ikkje kan få til,
det
gjer han!
Vi er berre som
ei grein på eit tre.
Poda inn slik at sevja
kan flyte ut i greina.
Slik er vi i Jesus.
Og berre slik kan det
bli frukt på greina.
"Kvar grein
som ber frukt,
reinsar han,
så ho skal bera
meir frukt."
Joh 15.2.
Det ser ut til
at Gud bruker det vonde
som møter oss.
Og det som hender oss,
det snur han til
noko godt.
Han let alt tene oss
til det gode.
Salomo
skreiv:
"Flengjer og sår
reinsar ut det vonde,
slag reinsar inste hjarta."
Salomo 20.30.
Slik arbeider Gud.
Og han fullfører
sitt verk.
Hausten kjem med
herleg frukt.
Jesus sa:
"Eg er vintreet,
de
er greinene.
Den som vert
verande i meg,
og eg i han,
han ber
mykje frukt.
Forutan meg
kan de ingen ting
gjera."
* * * * *
Jesus sa også at
"de kan be om kva de vil,
og de skal få det.
Far min vert
herleggjord
ved dette at de
ber mykje frukt,
og de skal verta
mine læresveinar.
Liksom Faderen
har elska meg,
har
eg elska dykk.
Ver i min kjærleik.
Eg har tala til dykk
så mi glede
kan vera i dykk,
og gleda dykkar
kan vera fullkomen."
Joh 15.
Det er den
fullkomne gleda
Gud vil gje oss.
Alt det vi bed om
som er etter hans vilje,
det vil han gje.
Alt det som fører inn
i hans kjærleik og glede,
det skal vi få!
Vi får ikkje alt det
vi ønskjer oss,
men vi får alt det som
tener oss til det gode.
Det
som seinare vert
til søt og god frukt.
Andens frukt.
Guds verk i oss
er
til lækjedom.
Vi får "helging
som frukt,
og til slutt,
eit evig liv."
Rom 6.22.
Det er ikkje ein lett veg,
dette, men det er
ein rik veg, som vi får sjå
inn i om vi vert verande
i hans nåde og i hans vilje.
Vi kan alle be om hans
nåde og tilgjeving
for å få
koma inn i hans vilje,
om vi vil det.
Denne vegen er
det vi får vandre på.
Same kva som da
møter oss, er vi trygge.
Salomo fekk sjå at:
"Det finst ingen visdom
og ikkje noko vit
og ingen planar
som kan stå seg
mot Herren."
* * * * * *
Det underlege er at
Gud brukar liding
for å få fram frukt.
Ja, til og med andre
menneske som kan
krenke
oss så djupt.
Vi møter det
vi mest av alt
vil unngå.
Det som vi trur
er berre til ulukke.
Salmisten erfarte
det slik:
"For
du prøvde oss, Gud.
Du reinsa oss, liksom dei
reinsar sølv.
Du førde oss
inn i eit garn,
på hoftene våre la du
ei tung bør.
Du lét menneske fara fram
over hovudet vårt,
vi laut gå gjennom
eld og vatn.
Men du førde oss ut
og gav oss overflod."
Salme 66.10-12.
Det vonde som
hender
oss,
det har Herren i si hand,
som om det var Gud
som gjorde det.
Josef i GT
gjekk gjennom
mykje vondt.
Både brørne hans
og mange
andre
synda mot han.
Gud vil ikkje synda
og det vonde.
Om dei som
synda mot Josef,
står det:
"Dei tenkte det
til det vonde.
Men Gud tenkte det
til det gode."
Gud forma Josef
gjennom dette.
Det same
gjorde han
med Job.
Guds allmakt snudde
det vonde om til signing.
"Og Herren velsigna
dei siste dagane for Job
meir enn dei fyrste."
Gud signa Job,
og Job vart kjend
med Gud.