1.
Eg vender mine augo mot ditt andlet
så ditt åsyn kan lyse over meg.
I nåden er eg elska som
det kjæraste du eig,
du gav ditt liv
og eg har alt i deg.
2.
Du vender dine augo mot mitt andlet
og no lyser ditt åsyn over meg.
Det blikk som kviler på meg
er det kjæraste eg har
og gleda mi
er alt eg har i deg.
Kristin Reitan
Molde 2009
"Herrens augo
er vende
til dei
rettferdige."
Salme 34.16
Kven er dei
rettferdige?
"Men no har
Guds rettferd,
som lova
og profetane
vitnar om,
vorte openberra
utan lova.
Det er
Guds rettferd
ved trua på
Jesus Kristus ..
alle har synda
og står utan ære
for Gud.
Og dei vert
rettferdiggjorde
ufortent
av hans nåde
ved utløysinga
i Kristus Jesus."
Rom 3.21 ff.
Slik skreiv Jesaja
i GT om han som
skulle koma med
frelse,
Jesus Kristus:
"Han kjem sjølv
og frelser dykk.
Då skal augo
til dei blinde
opnast,
og øyro
til dei døve
latast opp."
"Herrens utløyste
skal venda attende
og koma til Sion
med frydesong.
Evig glede
er det over
hovudet deira
Fryd og glede
skal dei nå,
sorg og sukk
skal røma."
Jesaja 35.