|
|
|
|
|
1.
Vi er vitne for han
og Anden vitnar med,
så alle kan få sjå han
som kjem til oss med fred. Dei sårmerkte hendene
rekkjer han ut
til den verda som
enda ikkje
kjenner sin Gud. 2.
Vi er vitne for han,
ved Anden ser vi inn
i djupet av den kjærleik
som er i Jesu sinn. Den krossmerkte Sonen
som elska oss slik,
gjekk villig inn i døden
i forråding og svik.
3. Vi er vitne for
han, ved Anden har vi sett
inn i den gode nåde
som gav oss barnerett.
Vi såg han som menneske,
han som var Gud, som kom for våre synder
for å slette dei ut.
4.
Vi er vitne om han,
for Anden er i oss. Han sigra over verda
da han døydde
på ein kross.
No er han i himmelen,
men er så nær, og openberrar
seg ved det vi
vitnar om her.
Kristin Reitan
Molde 2012
"Og Ordet vart kjøt
og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen
hans, ein herlegdom
lik den ein einboren Son har
frå Far sin,
full av nåde og sanning."
Joh 1.14. "And the Word became man
and lived for a time among us,
and we viewed His glory -"
...
John 1.14.
Om han som kom, Jesus:
"Då han steig i land,
fekk han sjå
mykje folk.
Han hadde inderleg medynk med dei,
for dei var
som sauer
utan hyrding.
Og han tok til å læra dei mykje.
Då det alt
hadde vorte seint,
kom læresveinane
til han og sa:
Staden er aud, og det er langt på dag.
Send folket frå deg,
så dei kan fara
bort frå bygdene
og landsbyane
her ikring og kjøpa seg
noko å eta.
Men han svara dei
og sa:
De skal gje dei mat! Dei seier til han:
Skal vi gå av stad
og kjøpa brød for
to hundre denarar
og gje dei å eta?
Han seier til dei: Kor mange brød
har de? Gå og sjå etter.
Då dei hadde fått
greie på det,
sa dei:
Fem brød og to fiskar.
Han sa til dei
at dei skulle la alle
setja seg i grupper
i det grøne graset.
Dei sette seg så ned, flokk ved flokk,
nokre på hundre,
andre på femti.
Så tok han
dei fem brøda
og dei to fiskane, såg opp mot
himmelen
og velsigna dei.
Så braut han brøda
og gav dei til læresveinane,
så dei
skulle gje til folket,
og dei to fiskane
delte han ut
til alle.
Og dei åt og vart mette.
Og dei samla opp
tolv fulle korger
med brødstykke
og det som var att av fiskane.
Dei som hadde
ete av brøda,
var fem tusen mann."
Mark 6. Jesu
under peika på hans
soning for oss.
Hans lekam
er vårt brød.
Før Jesus døde hende dette:
"Medan dei heldt måltid,
tok Jesus eit brød:
Han velsigna det
og braut det,
gav dei og sa: Tak det!
Dette er min lekam.
Og han tok ein kalk,
takka og gav dei,
og dei drakk alle av han.
Og han sa til dei:
Dette er mitt blod,
paktblodet,
som vert utrent for mange."
Mark.14.
Etter Jesu
oppstode fekk
dei sjå: "Og det hende då
han sat til bords
med dei, då tok han
brødet, velsigna det
og braut det og gav dei.
Då vart augo deira
opna, og dei
kjende han."
Luk 24. Og frå den gamle pakt,
i det gamle
testamente:
"Og dei åt alle
av den same
åndelege maten,
og dei drakk alle
av den same åndelege drikken.
For dei drakk
av det åndelege
berget
som fylgde dei, og berget
var
Kristus."
1.Kor 10.3. Her står
det og ei åtvaring.
For sjølv om dei
gjorde dette,
står det: "Likevel
fann ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei,
for dei vart slegne ned
i øydemarka.
Men alt dette hende
som førebilete for oss, så vi
ikkje skal ha lyst til det vonde,
liksom dei hadde
lyst til det. Vert heller
ikkje avgudsdyrkarar
som nokre av dei,
slik det står skreve:
Folket sette seg ned
for å eta og drikka, og dei stod opp
for å leika.
Vi må heller ikkje
driva hor,
liksom nokre av dei dreiv hor,
og på éin
dag fall tjuetre tusen.
Lat oss heller ikkje
freista Kristus,
som nokre av dei gjorde,
og vart øydelagte
av ormar."
1.Kor 10.
Her, i det nye testamente,
står det altså
at det var Kristus
det handla om
i det gamle testa- mente óg.
Han som seinare
vart eit menneske
og kom til oss.
Vi fell i synd alle. Men
somme vil ikkje venda seg frå
synda og få hans nåde
og tilgjeving.
I same kapittel
står det: "De kan ikkje drikka
Herrens kalk
og kalken åt
vonde ånder.
De kan ikkje ha del i Herrens
bord og bordet åt vonde ånder."
"Dette skriv vi til dykk
så gleda dykkar
kan vera fullkomen.
Og dette er den bodskapen
vi har høyrt av han
og forkynner
for dykk:
Gud er ljos,
og det er ikkje noko mørker i han.
Dersom vi seier at
vi har samfunn med han,
men ferdast i mørkret,
då lyg vi og gjer
ikkje sanninga. Men dersom vi
ferdast i ljoset,
liksom han er
i ljoset,
då har vi samfunn med kvarandre,
og Jesu, hans Sons blod
reinsar oss frå all synd.
Dersom vi seier at vi ikkje har synd,
då dårar vi oss sjølve,
og sanninga
er ikkje i oss.
Dersom vi sannar
syndene våre, er han trufast
og rettferdig,
så han tilgjev oss
syndene
og reinsar oss frå all urettferd.
Dersom vi seier
at vi ikkje har synda,
då gjer vi han
til lygnar, og hans
ord er ikkje i oss.
Mine born!
Dette skriv eg
til dykk så de ikkje
skal synda. Om nokon syndar,
har vi ein talsmann
hjå Faderen,
Jesus Kristus,
Den Rettferdige. Og han er ei soning
for syndene våre,
men óg for
heile verda."
Frå 1.Joh 1 og 2.
|
|
|
|
|
|