Alt har Gud gjort vakkert i si tid.
"Og han velsignet dem
og ga dem navnet menneske,
den dagen de ble skapt."
1.Mos 5.2.
1.
Eg ber bilete av Gud
i hug og kropp og sansar.
Av alt han kransar jorda med
er eg det dyrebare skapte
som fekk namnet menneske.
2.
Forma i
hans kjærleiks glød,
han bød og eg vart danna.
Eg anar smil i æva da
han la sitt bilete i meg
og lét meg bli eit menneske.
3.
Han pusta mot mitt andlet
og lét mitt hjarte banke.
I hans tanke er eg laga
og i dagar som han lét meg få
kan han sjå eit menneske.
4.
Ja, boren i hans tanke
kan eg få sanke kjærleik.
Hans leik er planta i mitt liv.
I all mi tid og i hans æve
får eg
vere menneske.
5.
Elska var eg da han kom
som himmelson og gåve.
Hans nåde rekk der alt var tapt,
for han ga alt.
Ja, for å frelse
kom han ned som menneske.
6.
Sjå, teiknet i hans hender,
som venger vil dei vere
og bere meg heilt
til eg kan
få skoda han, min Gud og Herre
som for meg vart menneske.
Kristin Reitan
Molde 2013
Jesu ord om da
jorda
vart til:
"Då var eg hjå han
som kunstnar,
dag etter dag
var eg hans hugnad,
og eg fryda meg alltid
for hans åsyn.
Eg fryda meg
på heile hans vide jord,
og hadde mi glede
i menneskeborna."
... ... ...
Den som finn
meg,
finn livet
og får nåde
hjå Herren."