Jesus:
"Sjå, eg kjem snart!"
Openb 22.
1.
Ein gong skal vi få sjå ditt andlet lyse,
når skya opnar seg og du stig ned.
Da kjem du som vår brudgom og vil møte
den brud du ventar på og ser.
2.
Din kjærleik løftar oss mot deg i lyset
og alt i oss blir nytt når vi får sjå
den kjærleiken som strålar mot vårt andlet
og vi er brura du skal få.
3.
No er du løynd for jorda som du løyste,
men dei som vil kan koma og få sjå
din kjærleik, du som vel oss i din nåde
til brura du vil vente på.
4.
Ja, da skal vi få sjå det lys som gyller
den jord du vann deg med ditt eige blod.
Di røyst er som eit brus frå mange vatn
og andletet er som ei sol.
5.
Når lyset ditt bryt fram og himlen gløder
og vi får sjå deg med din engelær,
da skal vi vere i den herlegdomen
som gjennomstrålar alle der.
Kristin Reitan
Molde 2008
Fra Bibelen:
"Og eg høyrde
liksom ein lyd
av ein stor skare,
og som en lyd
av mange vatn,
og som ein lyd av sterke
toredrøn, som sa:
Halleluja! For Gud Herren,
Den Allmektige, råder
med kongemakt!
Lat oss gleda oss og fryda oss
og gje han ære!
For no skal Lammet
halda bryllaup,
og brura hans
har budd seg.
Det er gjeve henne
å kle seg i reint
og skinande fint lin.
For det fine linet
er dei rettferdige
gjerningane
åt dei heilage.
Og han seier til meg:
Skriv: Sæle er dei
som er bedne
til bryllaupsmåltid
hjå Lammet!
Dette er Guds
sanne ord."
Frå Joh op 19.
Sjå, eg kjem snart,
og mi løn er med meg,
for å gje att
etter som gjerningane
hans er.
Eg er Alfa og Omega,
den fyrste og
den siste,
opphavet
og enden.
Sæle er dei
som tvettar
kjortlane sine,
så dei må få rett
til livsens tre,
og til å gå
gjennom portane
inn i byen.
Men utanfor
er hundane
og trollmennene
og dei som driv hor,
og drapsmennene
og avgudsdyrkarane
og kvar den som
elskar og talar
lygn.
Eg, Jesus,
har sendt min engel
for å vitna om dette
for kyrkjelydane.
Eg er Davids
rotrenning og ætt,
den klåre
morgonstjerna.
Anden og brura
seier: Kom!
Og den som
høyrer det,
han seier: Kom!
Og den som tyrstar,
han kome!
Og den som vil,
han ta livsens vatn
ufortent!
Eg vitnar
for kvar og ein
som høyrer
dei profetiske orda
i denne boka:
Dersom nokon
legg noko attåt dette,
då skal Gud leggja på han
dei plagene som det er
skrive om i denne boka.
Og dersom nokon
tek bort noko
frå orda i denne
profetiske boka,
då skal Gud
ta bort hans del
frå livsens tre
og frå den heilage byen,
som det er skrive om
i denne boka.
Han som vitnar dette,
seier:
Ja, eg kjem snart!
Amen, ja kom,
Herre Jesus!
Vår Herre
Jesu Kristi nåde
vere med dykk alle!"
Dette er det siste
som står i den heilage boka,
Guds eige ord, Bibelen.
Han som seier at han
kjem snart,
seier at vi kan koma
og få alt ufortent,
og slik få del i alt
det som Jesus
kom til jorda
for å gje oss.