Jesu ord.
Jesu ord er liv og frelse,
Jesus talar liv i oss.
Til ein syndar kviskrar Anden
om vårt tap, om Jesu kross.
Ikkje tru som vi kan meistre,
ikkje noko vi får til.
Men til den som misser feste
kjem hans Ande med sitt smil.
2.
Smilet hans er Jesus Kristus
og den gjerning som han gav,
da han bar mi synd som soning
og stod opp frå død og grav.
Difor kjem han stilt og seier
at eg kan få vere ven,
for ved det
som Jesus gjorde
er eg heilt, fullkomen,
rein.
3.
Rein står eg for Gud, min domar,
rein om eg kan kjenne svik.
I meg sjølv er eg den same,
men hos Gud er synet slik:
Synda mi har Jesus sona,
det er berre det han ser.
For hans augo, sjå der er eg
akkurat som Jesus er.
4.
Er eg hans ved det eg tapte,
da kan eg få vere fri.
Får eg det han gjev i Ordet,
har eg Anden og hans liv.
Eg vil ikkje kjenne etter,
ikkje sjå
på eigne mein.
For min Gud kan eg
få leve,
i hans augo er eg rein.
Kristin Reitan
Molde 24.mai 2016
"Frykt ikke!
Jeg har gjenløst deg,
kalt deg ved navn,
du er min."
Jesaja 43.43