1.
Herre, i din kjærleik
kviler alt som tyngjer.
Før du høyrer våre sukk
er alt vi tenkte kjent av deg.
2.
Herre, i din styrke
kviler all vår avmakt.
Våre avgrunnsdjupe rop
er gøymt i kjærleiken hos deg.
3.
Herre, all vår framtid
kviler i ein kjærleik
som bar tornar mot ein kross,
og alt vi ber på var hos deg.
4.
Herre, ved din kjærleik
kviler våre andlet.
Og i lyset frå di grav
skal vi få gå i lag med deg.
Kristin Reitan
Molde