1.
Sjå, Gud har opna sin himmel
og englar stig opp og stig ned.
No lever eg midt i det riket
som Jesus har kome med.
Skya har løynd min frelsar,
men hjarta mitt kviskrar hans namn.
Og englar kjem til meg som vindar
i tenande glede frå han.
2.
Ein stige når til Guds æve,
sjå, krossen som frelsaren fekk.
Ein sigrande himmel, sjå, vegen
der lysande englar gjekk.
Jakob fekk draum og løfte
med bod om den frelse som kom.
Det løynde i det som var lova
er frelse og fred ved Guds Son.
3.
Ja gåva, det er Guds himmel,
usynleg, men levande nær.
Så nær meg som orda i munnen,
hans liv og hans pust er her.
Englane er i jubel
når lovsongen tonar mot han
som kom for å dele si glede,
og gje oss den himmel han vann.
Kristin Reitan
Molde 2010/11
SJÅ:
Frå det gamle testamente:
"Og han kom til ein stad
der han slo seg til for natta,
for sola var gladd.
Han tok ein av steinane
der på staden,
la han attom hovudet,
og så la han seg til
å sova der.
Då hadde Jakob ein draum.
Sjå,
ein stige
var reist på jorda,
og toppen nådde
til himmelen.
Og sjå,
Guds englar
steig opp og steig ned
i stigen."
1.Mosebok 28.
Frå det nye
testemente:
DE SKAL SJÅ:
Og Jesus sa til han:
"Sanneleg, sanneleg,
eg seier dykk:
De skal sjå
himmelen opna
og Guds englar stige opp
og stige ned over
Menneskesonen."
Joh 1.
Slik sa Jesus det
før sin død og si
oppstode.
______
Apostelgjerningane
fortel kva som hende
etter at Jesus
vart teken opp
til himmelen.
Det står om
Stefanus, at han
fekk sjå
himmelen opna.
Apostelgj. 6.8 ff:
"Stefanus var full av
nåde og kraft,
og han gjorde
under og store teikn
blant folket."
.....
Dei førte
"fram falske vitne
som sa:
Denne mannen
held ikkje opp med å tala
spottande ord
mot denne
heilage staden
og mot lova."
.....
"Stefanus svara:
(Eg tek berre med
slutten av svaret.)
"Kven av profetane
var det fedrane dykkar
ikkje forfølgde?
Dei drap dei
som på førehand forkynte
at Den Rettferdige
skulle koma.
Og han har de no svike
og slege i hel,
de som tok imot lova av englar, men ikkje
har halde henne!
Men då dei høyrde dette,
stakk det dei i hjarta,
og dei skar tenner
mot han.
Men han var fylt av
Den Heilage Ande
og vende auga
opp mot himmelen,
og såg
Guds herlegdom
og Jesus
stå ved
Guds høgre hand.
Og han sa:
Sjå, eg ser
himmelen opna
og Menneskesonen
stå ved Guds høgre
hand!
Då skreik dei høgt
og heldt seg for øyro,
og storma inn på han
alle som ein.
Dei dreiv han
ut or byen
og steina han.
Vitna la kleda sine
ved føtene til
ein ung mann
som heitte Saulus.
(Saulus = Paulus
på gresk.)
Og dei steina Stefanus
medan han bad og sa:
Herre Jesus!
Tak imot mi ånd!
Så fall han på kne
og ropa med høg røyst:
Herre, tilrekna dei ikkje
denne synda!
Og då han hadde sagt dette,
sovna han inn."
Frå Ap.gj 6 og 7.
Stefanus fekk sjå
himmelen opna
og han såg Jesus.
Han stod ved Guds
høgre hand.
I Bibelen er
høgre hand
bilete på kraft.
Guds kraft.
Stefanus fekk sjå
at Gud sjølv var
med han.
_________
Jesu kross har
opna døra inn
til himmelen.
Til Guds kraft.
Til å få den Ande
som viser retninga.
Han lét Stefanus sine
augo sjå den rette
vegen.
Guds Ande leia
han til det.
Slik står det:
"Men han var fyld
av Den Heilage Ande
og vende augo
mot himmelen."
Og da fekk han
sjå inn i himmelen.
"Han såg
Guds herlegdom
og Jesus."
Ap.gj 7.
___________
Anden la også
ei bøn inn i
Stefanus.
Ikkje for
seg sjølv ..
Ikkje for
sitt eiga liv.
Andens kjærleik,
som er Jesu eigen
kjærleik, ga han
denne bøna:
"Så fall han på kne
og ropa med
høg røyst:
Herre,
tilreikna dei ikkje
denne synda!"
Fiendane hans
vart omgjevne
av kjærleik.
Han ba for
sine fiendar
i von om at også
dei kunne få
ein open himmel
over sine liv.
Ein av desse
fiendane
som Stefanus ba for,
var Paulus.
Her med det
hebraiske namnet
Saulus.
Det står:
"Og Saulus
samtykte
i mordet
på han."
Kap 8.
Men det var også
nokre fleire
gudfryktige der,
slike som Stefanus.
Dei "heldt ei stor
dødsklage over han."
Dei sørgde.
Dei kjende sorg
over tapet,
enda dei såg
Guds under.
Men om Saulus
står det:
Han "herja
kyrkjelyden.
Han trengde seg inn
i hus etter hus
og drog ut både
menn og kvinner
og fekk dei kasta
i fengsel."
Dei truande
derimot,
"drog omkring
og forkynte
evangelie-ordet."
dei "forkynte
Kristus for dei."
Og kva skjedde da?
Filip, ein av dei
som forkynte,
kom til Samaria.
Og da står det:
"Dei gav alle akt
på det som Filip sa,
då dei høyrde
og såg dei teikna
han gjorde.
For det var
mange som hadde
ureine ånder,
og dei fór
ut or dei
med høge skrik.
Og mange vanføre
og lamme vart lækte.
Og det vart stor
glede der i byen."
Mange hadde
ureine ånder,
men no fekk dei Den
Heilage Ande.
Himmelen var
opna for dei.
Til frelse og
nytt liv.
Og det vart
stor glede.
Men Saulus,
"fnyste endå av
trugsmål og mord
mot Herrens
læresveinar."
Denne fienden
Saulus,
var altså ein av dei
Stefanus ba for
før han døydde.
Og seinare fekk
også Saulus høyra
Jesu røyst.
Han var i Guds
kjærlege tanke.
Gud hadde si plan
og ville frelse han.
Bibelen
fortel:
"Som han no
var undervegs
og nærma seg
Damaskus,
stråla det
brått eit ljos
frå himmelen
ikring han.
Han fall til jorda,
og han høyrde
ei røyst som
sa til han:
Saul, Saul,
kvifor forfylgjer
du meg?
Han sa:
Kven er du,
Herre?
Og han svara:
Eg er Jesus,
han som du
forfylgjer."
Men reis deg opp
og gå inn i byen,
så skal det bli sagt deg
kva du skal gjera!"
Gud opna
himmelen
og let det
stråle eit ljos
kring Saulus.
Jesus tala
med han.
Og så tala
dei to saman.
________
Guds himmel
er opna.
Vi kan tala
saman,
Jesus og vi.
Han med oss,
og vi med han.
_____________
Jakob, Stefanus
og Saulus fekk alle sjå
ei opna døra
inn til himmelen.
Jakob fekk sjå det
i ein draum,
lenge før Jesus kom.
Jesus kom ikkje
med noko nytt.
han var
oppfyllinga
av det gamle
testamente.
______________
Jesu kross
har opna
Guds himmel.
Vi kan kjenne Gud.
Vegen er opna
til samfunn med han.
_____________
Stigen som Jakob
fekk sjå, var
Jesu kross.
Alt det vi treng
får vi der.
______________
"Då Jakob vakna
av søvnen sin,
sa han:
Sanneleg, Herren
er på denne staden,
og eg visste det ikkje.
Han vart gripen av otte,
og sa:
Kor skræmande
er ikkje denne staden!
Her er sanneleg
Guds hus,
her er porten til
himmelen."