|
|
|
|
|
|
|
Sælt er det folket
som kjenner til jubel!
Herre,
i lyset frå ditt åsyn
skal dei ferdast.
Salme 89.
1
Vårt liv, det nye livet
er ditt og du er nær.
Vi er i deg og lever
i det du er og gjer.
Ja, alt er vel i Herren
for vi er poda inn
mot sevja i eit vintre
der du er saft og vin.
2
Ja, alt er vel i Herren,
for drikken som vi får
har runne i di åre
og var i dine sår.
Der har vi funne livet,
der er vår frelsesgrunn.
Og drikken frå ditt vintre
er smaken i vår munn.
3
Di saft skal bli til ranker
med druer på ditt tre.
Og vi får vera greiner
og bera det du gjev.
Når frukta di blir moden
og det er tid for haust,
da takkar vi deg Herre
for alt du gav så raust.
Tekst
Kristin Reitan
2010
Musikk
Eilert Tøsse
2008
|
|
|
|