|
|
|
|
|
Kjærleik er gåve.
Kjærleik er gåve. Musikk: Eilert Tøsse.
KJÆRLEIK
Kjærleik er gåve,
gjeve av Gud.
Kjærleik er glede,
kjærleik er Gud.
2.
Kjærleik er nåde,
ofra av Gud.
Sonen har sona,
gåva er Gud.
3. Kjærleik er balsam,
legen er Gud.
Kjærleik er gåva.
Gåva er Gud.
Kristin Reitan
15.juli 2016
Salomos høgsong,
om ei som
fekk ein smak
av kjærleiken:
Ho høyrde
røysta hans.
Og at han
banka på:
"Lat opp for meg,
mi søster,
du mi kjæraste."
Ho fortel: "Venen min rette
handa inn gjennom luka.
Då vart hjarta mitt rørt
for hans skuld."
Slik er bibelteksta
om kjærleiken.
Ho fekk eit glimt av han.
Av kjærleiken.
Men opna ikkje for han
med det same.
Vi kjenner oss att.
Da var det som om han vart borte
for henne,
og no forstod ho
kor mykje ho elska han.
Ho hadde fått
eit glimt, berre.
Og hjarta vart rørt,
for hans skuld.
Ho leita og leita ..
og spurte etter han.
Ho spurte alle,
over alt:
"Om de finn venen min,
kva skal de seia han?
At eg er sjuk av kjærleik."
Kjenneteikna
av han var slik:
"Kinna hans er som
angande blomesenger,
der krydderurter veks.
Leppene er som liljer,
dei dryp av rennande myrra."
"Munnen hans er søt
og alt hjå han er hugnad.
Slik er han eg elskar,
slik er venen min."
Slik samanliknar Salomo
kjærleiken mellom
mann og kvinne.
Og talar om forholdet
mellom Gud og oss.
Jesus har vist oss kven Gud er.
Her har brura,
fått eit glimt av han,
av kjærleiken
av Jesus.
Han som er gåva
frå Gud til oss.
SJÅ DENNE KJÆRLEIKEN
Sjå denne kjærleiken
Faderen gav, kva kan eg likna med,
gåva han har.
Frelse og evig liv
gjev han til meg.
Han som gav Sonen sin
kjem med sin fred.
2.
Med denne kjærleiken
elska han oss,
sjå kva han viser her,
tett ved sin kross. Naglane
rissa inn bilete mitt,
teikninga i hans hand
er i hans blikk.
3.
Smak denne kjærleiken,
sjå dette liv.
Høyr kva han kjem og gjev,
søk det han vil.
Trengsler og tronge rom,
smalaste veg,
kan ikkje liknast med freden han gjev.
4.
Sjå denne kjærleiken,
tenk for ei von,
som vi kan eiga her
ved denne Son.
Snart skal han henta oss
heim til sin stad.
Da skal vi takka han,
jublande glad.
Kristin Reitan
Molde 27.mai 2016
* * * * * * * *
Jesus er liv,
han er kjærleik
og nytt liv
i vår ande.
Jesus er vår
herlegdom,
vår leikande fryd.
Men vi har og eit kjøt
så lenge vi lever her.
I alle trengslene og
den naud som kan koma også
over oss,
kan gleda koma bort.
Vi er som ho som leitar
etter sin kjæraste ven,
som om han er borte.
Men så
får vi sjå han på
nytt, i fryd over synet av han.
Vi får erfare
at hans liv
og hans kjærleik
er i oss:
EIT SKINANDE LYS
Eit skinande lys
er gleda vår,
eit leikande liv er vår von.
Den heilage kom
og sette oss fri,
vår glede er no Guds Son.
2.
I kjærleiken hans
er gleda vår, ei levande
framtid vår trøyst. For snart
kjem han att og hentar oss inn
til lyset der alt er løyst.
3.
Ei bevande tru
er gleda vår,
den gjev oss det lyset som kom.
Vi vakar i fryd
og takkar han glad.
Vi ventar på han, Guds Son.
Kristin Reitan
17.juni 2016
Sjå denne kjærleiken.
1. Sjå, denne kjærleiken Faderen gav, kva kan eg likna med, gåva han har. Nåde og herlegdom gjev han til meg. Han som gav Sonen sin, kjem med sin fred.
2.Sjå denne kjærleiken, den er til oss, stille ved berget her, tett ved hans kross. Naglane teikna inn bilete mitt, teikninga i hans hand er i hans blikk.
3.Sjå denne kjærleiken, sjå dette liv. Smak kva han kjem og gjev, søk det han vil. Trengsle og tronge rom, smalaste veg, kan ikkje målast med freden han gjev.
4. Sjå denne kjærleiken, høyr om den von, som vi kan eiga her ved denne Son. Snart skal han henta oss heim til sin stad. Kor skal vi jubla då, takka han glad!
Melodi: Eilert Tøsse.
|
|
|
|
|
|