1.
Jesus er eit vintre
og vår Far er vingardsmann
som veit om all den frukta han vil gje.
Han bed oss bli i orda hans
så viljen hans kan skje,
og reinsar oss som greiner på sitt tre.
2.
Vingardsmannen ser oss
og han veit at det gjer vondt
når gartnarhanda skjer
og alt er dulgt.
Men greina som må blø
og kjenne gartnaren si tukt
er den som snart skal bugne
full av frukt.
3.
Jesus er det sanne tre
med duft av liv til liv
og vi er poda inn til alt vi får.
Han let si sevje flyte
og den sæle frukt blir vår.
Han gjev så mykje meir
enn vi forstår.
Kristin Reitan
Molde 2010
Jesus sa:
"Eg er vintreet,
de er greinene.
Den som
vert verande
i meg,
og eg i han,
han ber
mykje frukt.
Kvar grein
som ber frukt,
reinsar han,
så ho skal bera
meir frukt."
Frelsa
har Jesus fullført
på krossen.
Vi får frelsa
og livet i han
heilt gratis
og ufortent
fordi Jesus
har sona
all
vår synd.
Han kler oss
i si reine drakt
og slik står vi
for Den Heilage Gud
som om vi aldri
har synda.
Syndarar
kan få nåde
for Jesu skuld.
Berre slik
kan vi
kvar dag
vera i han
og han
i oss
ved Den
Heilage
Ande.
Slik er vi som
ei grein på han
som kallar seg
vintreet.
Han er
vingardsmannen også,
og reinsar greina.
"Han tuktar oss
til gagn for oss
så vi skal få
del i hans
heilagdom.
All tukt
tykkjest nok,
når ho står på,
ikkje å vera
til glede,
men til sorg.
Men sidan
gjev ho dei
som har vorte
oppøvde
gjennom dette,
rettferds sæle
frukt."