|
|
|
|
|
1.
Den salige freden den har eg i deg
med pust frå din munn
mot mi panne.
Eg ser deg oppstanden,
slik følgjer du meg
med duft frå det heilage landet.
2.
Den salige freden den har eg i deg,
du kom og bar syndene mine.
Eg ser deg oppstanden,
slik følgjer du meg
og viser meg hendene dine.
3.
Den salige freden den har eg i deg,
i fryd er eg elska og boren.
Eg ser deg oppstanden,
slik følgjer du meg,
mi glede er alt det du gjorde.
4.
Den salige freden den har eg i deg,
eg bur i din kjærlege tanke.
Eg ser deg oppstanden,
slik følgjer du meg
og pustar på meg med din Ande.
Kristin Reitan
Molde 2009
Jesu bøn til sin Far
i Johannes 14.16-21,
da han ba for sine
læresveinar
og for alle oss
som kjem til tru
på han:
"Og eg vil
be Faderen,
og han
skal gje dykk
ein annan
talsmann,
så han
skal vera
hjå dykk
til evig tid,
Sanningsanden,
som verda
ikkje kan få,
for ho
ser han ikkje
og kjenner
han ikkje.
De kjenner han,
for han vert
verande
hjå dykk,
og skal vera
i dykk.
Eg skal ikkje
lata dykk att
farlause,
eg
kjem
til dykk.
Endå ei lita
stund,
og verda
ser meg ikkje
lenger.
Men de
ser meg,
for eg lever,
og de skal leva.
På den dagen
skal de kjenna
at eg er i Far min,
og de i meg,
og eg
i dykk.
Den som har
boda mine
og held dei,
han er det
som elskar
meg.
Og eg skal
elska han
og openberra
meg
for han."
Vi kan ikkje
halda boda hans
i eiga kraft.
Vi kan heller ikkje
halda dei
ved Guds hjelp.
Den Heilage Ande
viser oss sin vilje
for at vi skal forstå
at vi ikkje er
heilage
og at vi ikkje kan
halda eit einaste bod.
Vi kan ikkje forbetre oss.
Den vegen er stengd.
Vi er skuldige.
Til døden.
Gud er heilag
og det er ikkje vi.
Han tåler ikkje
synda vår.
Difor kom Jesus
og bar all vår skuld
til krossen.
Han har sona alt
og vi kan bli
skuldfrie
berre ved
å sjå og høyra
det han seier til oss.
Han har gjort alt
og vi kan få frelsa
av berre nåde.
Heilt
ufortent.
Det han gjorde,
det gjorde han
for alle
på grunn av
sin kjærleik.
Han elska oss
like til døden,
ja, til døden
på ein kross.
Han gjorde det
medan vi enda
var syndarar.
Og dei som tek
si tilflukt til han,
er frelst.
Jesus har vunne
ei evig frelse
for oss.
Han gjorde noko
for oss,
og i oss.
Da han tok
bort vår
syndeskuld,
vann han også
over synda si makt
i våre liv.
Han kallar oss
til samfunn
med seg
og når vi skjønar
at vi vil ha dette
samfunnet,
da er det Gud sjølv
som handlar med oss.
Det er han som
lokkar oss til seg.
Gud legg ein
lengt inn i oss.
Han talar med oss.
Ingen kan koma til meg
utan at Faderen dreg han,
sa Jesus.
Han kallar på oss
ved sin Heilage Ande
når vi høyrer eller
les hans ord.
Slik er hans kjærleik.
Han lokkar oss inn i
sin kjærleik.
Når han høyrer vårt ja
til hans frelse,
er vi tilgjevne.
Gud gjer noko da.
Han frelser oss.
Han viser oss vår synd.
Vi ser kvar dag
at vi kjem til kort.
Og merkar noko i oss
som ikkje er godt.
Det er Guds Ande
som viser oss dette.
Han gjer det
for å vise oss
Jesus
som har sona for
alt dette som
no er ei plage
for oss.
Vi ser at vi
ikkje er heilage.
Og så viser han oss
til han, til Jesus
som sona synda.
Slik er det å leva
saman med Jesus
i hans nåde.
I denne nåden
får vi ein ny trong,
eit nytt sinn som
vil leva for han.
Og i denne nåden
vil Jesus leia oss
inn i sine gjerningar
her på jorda.
Det er
han som gjer
alt dette.
Jesus blir
vår glede
og vår takk!
Han som seier:
"Eg stryk bort
brota dine
som ei skodde
og syndene dine
som ei sky.
Vend om til meg,
for eg
løyser
deg ut!
Rop av jubel,
de himlar!
For Herren gjer
sitt verk.
Rop med fryd,
de jordedjup!
Bryt ut i jubel,
de fjell,
du skog
og alle dine tre!
For Herren
løyser ut ...
Så seier Herren,
som løyser deg ut,
han som laga deg
frå mors liv:
Eg er Herren,
som gjer
alle ting.
Eg gjer teikna
åt pratmakarane
til inkje
og spåmennene
til dårar,
eg driv dei vise
attende
og gjer
visdomen
deira
til dårskap.
Eg stadfester orda
åt tenaren min
og gjennomfører råda
åt sendeboda mine.
Jesaja 44.22 ff
Så seier Herren,
Israels Heilage,
han som
skapte det:
Spør meg
om det
som kjem!
Lat meg syta
for borna mine
og for verket
av hendene mine.
Jesaja 45.11.
HALLELUJA!
|
|
|
|
|
|