Sjå krossen
Sjå krossen som lyser
mot ei verd full av sår.
Sjå den lidande Sonen
og den kjærleik vi får.
Han kjem nær, han er frelse,
han er nær, han er Gud.
Han som bur i det høge,
og hos den som er knust.
2.
Sjå krossen, sjå såra,
som
han bar på sin kropp.
Sjå den kjærlege
Sonen
som med siger stod opp.
Han kjem nær, han er frelse,
han er her, han er Gud.
Han, den heilage, reine,
han steig ned og vart knust.
3.
Sjå krossen som lyser
mot mi skuld, mine sår.
Sjå, han gav det han krev,
han er frelsaren
vår.
Han kjem nær, han er frelse,
han er her, han er Gud.
Han steig ned til det låge,
og for meg vart han knust.
4.
Sjå krossen som lyser
som ei sol i sin glød.
Sjå den sigrande Sonen
som gav alt ved sin død.
Han kjem nær, han er frelse,
han
er her, han er Gud.
Han er kjærleik og balsam
til ei verd som er knust.
Kristin Reitan
2022
Mel: Anna Mette Hals Klyve
2022