|
|
|
|
|
1.
Du steig ut av grava,
dagen vår er ny.
Alt er kledd i lys,
å, for eit morgongry. Natta vår er borte,
Jesu frelse kom.
Sigeren er vunne,
grava di er tom.
2. Døden
kunne ikkje halda på Guds Son.
Du er god og heilag,
grava di er tom.
Der, i død og mørke,
der var du den Gud,
som har vist din siger ved å vandre ut.
3.
Sjå, i dødens rike,
til den vonde hær,
varsla du din siger,
du forkynte der. Alle vonde makter
skalv i død og gru.
Aldri skal dei sigra,
sigeren er du.
4. I
din død var vi, ja, døden på ein kross.
Ved den opne grava
kjem ditt liv i oss.
Døden din er veg til
liv og opne rom.
Vi får alt i gave. Alt, fordi du
kom. 5.
Teiknet ditt var naglar
da du anda ut.
Da, i siger vann du,
ånda var hos Gud. Boren frå ein kross, til
grava, du, Guds Son,
men ein røvar såg deg
stråle i Guds rom.
6.
Eg stig ut i lyset tett ved dine steg.
Eg har vunne livet
du har gjeve meg.
Når min pust er omme,
er eg der, hos deg,
du som alltid ventar på å
møte meg. 7.
Du er førstegrøda,
slik skal eg stå opp.
Du skal rope siger
mot min døde kropp.
Snart skal eg få sjå deg i
det lyse rom, saman med ein røvar
takka deg som kom.
Kristin Reitan
Molde 2015
Revidert 15.august 2016.
Tredje dagen etter Jesu død:
"Men på den første
dagen i veka
kom dei grytidleg
til grava.
Dei
hadde med seg dei angande urtene
dei hadde gjort i stand.
Men dei fann steinen
rulla frå grava.
Og då dei gjekk inn,
fann dei ikkje lekamen
åt Herren Jesus. Og det hende,
medan dei stod der
og ikkje visste
kva dei skulle tenkja,
sjå, då stod to menn
hjå dei,
kledde i skinande klede. Kvinnene vart
forfærde og bøygde seg
med andletet mot jorda.
Då sa mennene til dei:
Kvifor leitar de
etter den levande
mellom dei døde?
Han er ikkje her, han er oppstaden!
Kom i hug
korleis han tala
til dykk
medan han endå var i Galilea,
då han sa:
Menneskesonen
skal gjevast i hendene
på syndige menneske,
verta krossfest og stå
opp att på den tredje dagen.
Då mintes dei
orda hans.
Og då dei kom
attende frå grava,
fortalde dei alt dette til
dei elleve og alle dei andre.
Dei som fortalde dette
til apostlane,
var Maria Magdalena
og Johanna og Maria,
mor til Jakob, og dei andre
kvinnene.
Og apostlane meinte
dette var laust snakk,
og dei trudde dei ikkje. Men Peter
stod opp og sprang til grava.
Då han bøygde seg ned,
såg han berre linkleda.
Han gjekk
så heim, og undra seg over det
som hadde hendt.
Og sjå, same dagen
var to av dei på veg til ein by
som heiter Emmaus,
og ligg seksti stadier frå
Jerusalem. Og dei tala seg imellom
om alt dette som hadde hendt.
Og det hende
medan dei tala saman
og drøfta dette,
at Jesus sjølv
kom nær til dei og gav seg i lag
med dei.
Men augo deira
vart haldne att,
så dei ikkje kjende han.
Han sa til dei:
Kva er det de går og talar saman om
på vegen?
Då stogga dei,
og såg sorgfulle opp.
Kleopas,
den eine av dei, sa til han:
Er du den einaste
av dei som held til
i Jerusalem,
som ikkje veit
kva som har hendt der desse dagane?
Han sa til dei:
Kva då?
Dei sa til han:
Det med Jesus frå Nasaret,
ein mann som var
ein profet, mektig
i gjerningar
og ord
for Gud
og alt folket -
og korleis øvsteprestane og
rådsherrane våre
gav han over til å
dømast frå livet,
og krossfeste han.
Men vi vona
at han var den
som skulle løysa ut
Israel.
Og no er det alt
tredje dagen
siden dette hende.
Men så har nokre
av kvinnene våre
skaka oss opp. I dag tidleg
var dei ute ved grava.
Men deI fann ikkje
lekamen hans.
Så kom dei og fortalde
at dei hadde sett
eit syn av englar som sa at han lever.
Nokre av dei
som var med oss,
gjekk då til grava.
Dei fann det
såleis som kvinnene hadde
sagt. Men han
såg dei ikkje.
Då sa han til dei:
Kor uvituge de er,
og kor seinhjarta til å tru
alt det profetane har tala!
Laut ikkje Messias lida dette
og så gå inn til herlegdomen sin?
Og han tok til frå Moses
og frå alle profetane
og la ut for dei
det som er skrive
om han
i alle Skriftene.
Då dei kom bort til den landsbyen dei
var på veg til,
lest han
som han ville
gå lenger.
Men dei nøydde han og sa:
Ver hjå oss,
for det lir mot kvelden,
og dagen hallar.
Han gjekk då inn
for å vera hjå dei.
Og det hende då han
sat til bords med dei,
då tok han brødet,
velsigna det
og braut det og gav dei.
Då vart augo deira opna,
og dei kjende han.
Så vart han usynleg for dei.
Og dei sa til kvarandre:
Brann ikkje hjarto våre i oss
då han tala til oss på vegen
og opna Skriftene for oss?
Og dei gav seg på veg i same stunda,
og vende attende til Jerusalem.
Der fann dei dei elleve samla,
og dei som heldt lag med dei.
Og dei sa:
Herren
er sanneleg oppstaden,
og Simon har sett han!
Dei to fortalde då
kva som hadde hendt på vegen,
og korleis dei hadde
kjent han att
då han braut brødet.
Medan dei tala om dette,
stod han sjølv midt imellom dei
og sa til dei:
Fred vere med dykk!
Men dei vart forfærde
og fulle av redsle,
og trudde det var
ei ånd dei såg. Han
sa til dei: Kvifor er de forfærde?
Kvifor stig
tvilande tankar opp
i hjarto dykkar?
Sjå hendene mine
og føtene mine, at det er
eg!
Tak på meg
og sjå!
For ei ånd
har ikkje kjøt og bein, slik de
ser at eg har. Og då han hadde sagt dette,
synte han dei hendene
og føtene sine.
Men då dei endå ikkje trudde
for berre glede,
og undra seg,
sa han til dei: Har
de noko å eta her? Dei gav han då
eit stykke steikt fisk
og noko av ei honningkake.
Og han tok det og åt det
medan dei såg på.
Så sa han til dei:
Dette er orda mine,
som eg tala til dykk medan eg endå
var hjå dykk,
at det laut oppfyllast
alt det som er skrive
om meg
i Moselova og profetane
og salmane.
Da opna han for tankane deira,
så dei kunne
skjøna Skriftene.
Og han sa til dei:
Så står det skrive,
at Messias laut lida
og stå opp att frå dei døde
tredje dagen, og at omvending
og forlating for syndene
skal forkynnast
i hans namn
for alle folkeslag,
frå Jerusalem
og vidare ut. De er vitne om dette.
Og sjå, eg sender over dykk
det som Far min har lova.
Men de skal
halda dykk i byen
til de vert kledde
i kraft frå det høge.
Han førde dei ut imot Betania,
og han lyfte
hendene sine
og velsigna dei.
Og det hende
medan han velsigna dei,
at han skildest frå dei
og vart teken opp
til himmelen. Og dei fall ned
og tilbad han
og vende attende
til Jerusalem
i stor glede.
Og dei heldt seg alltid
i templet
og lova
og prisa Gud.
Lukas 24.
|
|
|
|
|
|