Augo dine
1.
Augo dine kviler mot mitt andlet,
du gjev meg råd med blikket ditt på meg.
Eg står så hjelpelaus og skodar
og ventar berre på den hjelp du gjev.
2.
Tankane og alt mitt strev, mi uro,
er i det blikk som kviler over meg.
Eg ropar utan fred og ventar,
på deg, som alltid kjenner neste steg.
3.
Hjarta mitt kan skjelve i mi lengsel,
men hjarta ditt, det bankar da for meg.
Og ved det aller minste feilsteg,
da er du der og dreg meg inn til deg.
4.
Augo dine såg ut over verda
frå høgda der du hang, der du gav fred.
Ein kross har opna himmelporten,
vi gjev vår takk og følgjer etter deg.
5.
Augo dine kviler mot mitt andlet,
mitt beger det renn over, sjå, mi sjel,
no eig ho alt som du vil gje meg,
og eg er trygg, for du gjer alt så vel.
Kristin Reitan
16.-17.mai 2017
Melodier både av:
Ivar Jarle Eliassen
og Eilert Tøsse.
Bibeltekst:
"Hva skal vi da
si til dette?
Er Gud for oss,
hvem er da
imot oss?
Han som ikke sparte
sin egen Sønn,
men ga ham for
oss alle,
hvordan skal han
kunne annet,
enn å gi oss
alle ting med ham?"
Rom 8.31-32.