Jesaja 2.4:

"Røysta deira vart høyrd, 

og bøna deira nådde til
himmelen, den heilage
 bustaden hans."




Lyden av våre røyster.


1

Lyden av våre røyster
høyrest i himmelen.
Der er Guds heilage vilje
og han talar ømt som ein ven.
Vi som er reinsa og reine
og frikjende ved eit ord,
er i hans kjærlege tanke
og bur i hans blikk mot jord.

2

Lyden av våre røyster
er i det råd han la
da han bar bort våre synder
og himmelen gav oss sitt ja.
Vi er dei heilage, reine
for synda er gløymd hos Gud.
Det som var stengsle og murar
er sona og viska ut.

3

Lyden av våre røyster
høyrest i Herrens rom,
og som den mildaste kjærleik
er svaret hans til oss som born.
Da får vi kjenne hans nåde
om nei er det ord han sa.
Krafta vert fullend i vanmakt
og alle hans svar er ja.


Tekst
Kristin Reitan
Molde 2010


Musikk
Eilert Tøsse
2010


Halleluja!



| Svar

Nyeste kommentarer

24.10 | 09:14

Jeg liker salmen «Kvite klede».

15.08 | 04:11

Denne traff meg, Kristin.
Sterk og god tekst, nyydelig melodi.

18.08 | 23:11

Takk! Så kjekt å høre fra deg, fra tiden på Fjellhaug. Vi snakkes i meldinger vi.

24.02 | 23:09

Husker du meg, Kristin? Trondheim/Betania. Fjellhaug studentlinjen 78/79.