|
|
|
|
|
Kvite klede,
himmelglede,
kledd for liv
og jord og nød.
Drakta mi
er vevd av nåde
og av lyset
i din glød.
2.
På mitt bryst
og på mi panne
er eg teikna
med di hand.
Du har kledd meg
i din kjærleik
og til fred
i Jesu namn.
3.
Jesus, du bar alt
til krossen.
Du bar kappa
som var mi.
Eg står opp
med deg
i lyset,
og no ber eg
kappa di.
Kristin Reitan
*
Johannes,
Jesu læresvein,
fekk sjå inn
i himmelen.
Han fekk
eit glimt inn
og fekk sjå at:
"brura har
gjort seg klar,
og det er
gjeve henne
å kle seg
i reint og
skinande
fint lin."
Openb. 19.
Bibelen kallar
dei truande
for "brura."
Korleis kan vi,
som desse,
få våre synder
tilgjevne,
og vere kledde
i slike reine,
ja, heilage
klede?
Johannes fekk
sjå og høyre
meir i synet
frå himmelen:
"Deretter såg eg
- og sjå:
Ein stor skare
som ingen
kunne telja,
av alle folkeslag
og ætter,
av alle folk
og tungemål.
Dei stod
framfor trona
og Lammet,
(Jesus)
kledde i
kvite kjortlar."
Og så skriv
Johannes
at ein av dei
"tok til orde
og sa til meg:
Desse som
er kledde
i dei lange,
kvite
kjortlane
- kven
er dei?
Og kvar er dei
komne ifrå?
Eg sa til han:
Herre,
du veit det!
Og han sa til meg:
Dette er dei
som kjem ut or
den store
trengsla,
og dei har vaska
kjortlane sine
og gjort dei kvite
i Lammets blod.
Difor er dei
for Guds trone
og tener han
dag og natt
i hans tempel,
og han som sit
på trona,
skal reisa
sin bustad
over dei.
Dei skal ikkje
hungra meir,
og heller ikkje
tyrsta meir.
Sola skal ikkje
falla på dei,
eller nokon hete.
For Lammet,
som er
midt framfor
trona,
skal vakta dei
og føra dei til
livsens
vasskjelder.
Og Gud
skal tørka
kvar tåre
frå augo deira.
Openb.7.
Jesus er
Lammet.
Som eit lam
vart han slakta,
for vår skuld.
Slik sona han
våre synder.
Ja, alle syndene
i heile verda.
Mine synder.
Og dine.
Gud elskar
oss alle like høgt
og seier:
"Kom!
Og den som
høyrer det,
han seie:
Kom!
Og den
som tyrstar,
han kome!
Og den
som vil,
han ta
livsens vatn
ufortent!"
Openb. 22.
Ufortent
får vi vaska
våre klede
i Lammets blod.
Og da er vi reine
og verdige for
himmelen
i hans klede.
Frikjende i hans dom.
Domaren har sjølv
teke vår dom.
Straffa
låg på han,
så vi skulle
ha fred,
og ved hans sår
har vi fått lækjedom.
Vi fór alle vilt,
som sauer,
vi vende oss
kvar til sin veg.
Men Herren
lét råka han
det som vi
hadde skuld i
alle.
Han vart ille
medfaren,
og han vart
plaga,
men han
lét ikkje opp sin munn,
lik eit lam
som vert ført bort
for å slaktast."
Jesaja 53.
Jesu røyst
i det gamle
testamente:
"Å, alle de
som tyrstar,
kom til vatna!
Og de som
ingen pengar har,
kom,
kjøp og et,
ja, kom og kjøp
utan pengar
og utan betaling
vin og mjølk!
Kvifor gjev
de ut pengar
for det som
ikkje er brød
og løna dykkar
for det som ikkje
kan metta?
Høyr på meg!
Så skal de få eta
det gode,
og sjela dykkar
skal gleda seg over
feite retter.
Vend øyra hit
og kom til meg!
Høyr, så skal
dykkar sjel leva."
Jesaja 55.
|
|
|