1.
Eg såg ein mann
som bøygde seg mot sanden
og skreiv små ord som vinden viska ut.
Han stod ved kvinna som var dømd av alle
og ho såg skrifta til ein mann og Gud.
2.
Eg ser at ord vart nagla fast i handa
til han som bøygde seg og bar vår dom.
Han står ved oss som er fordømd av alle
og viser nåden sin i kjøt og blod.
3.
Eg bed han om
å teikna meg med merket
som skal bli synleg når han viser seg.
Eg bøyer meg mot jorda for å skrive,
men han har bøygd seg først
og kjenner meg.
4.
Eg veit at han
som elska meg til døden
vil gje meg all sin kjærleik når eg kjem.
Han rissar namnet i det faste fjellet
og seier kom,
du er min kjære ven.
Kristin Reitan
Molde 2007
"Jesus gjekk ut
til Oljeberget.
Tidleg
om morgonen
kom han
til templet att.
Dei skriftlærde
og farisearane
førde då til han
ei kvinne
som var
gripen
i hor,
og dei
stilte henne
fram
for han.
Og dei sa
til han:
Meister,
denne kvinna
er gripen på
fersk gjerning
i hor.
I lova
har Moses gjeve
påbod om at
slike kvinner
skal steinast.
Kva seier
no du?
Dette sa dei
for å setja
han på
prøve,
så dei
kunne ha
noko
å klaga
han for.
Men Jesus
bøygde seg
ned og skreiv
med fingeren
på jorda.
Men då dei
heldt fram
med å
spørja han,
rette han
seg opp og
sa til dei:
Den av dykk
som er
utan synd,
han kan kasta
den fyrste
steinen
på henne!
Så bøygde
han seg
ned att
og skreiv
på jorda.
Men då dei
høyrde det,
gjekk dei
sin veg
ein
etter ein,
dei eldste
først.
Jesus vart
att åleine
med kvinna
som stod der.
Då rette
Jesus seg opp
og sa til henne:
Kvar er dei,
kvinne?
Har ingen
fordømt deg?
Ho sa:
Ingen, Herre!
Og Jesus sa:
Heller ikkje eg
fordømer deg.
Gå bort,
og synda
ikkje meir!
Jesus tala
atter til dei
og sa:
Eg er ljoset
for verda!
Den som
fylgjer meg,
skal ikkje
ferdast
i mørker,
men ha
livsens
ljos."
Joh 8.