|
|
|
|
|
|
|
Kvite klede
1.
Kvite klede
himmelglede,
kledd for liv og jord og nød.
Drakta mi er vevd av nåde
og av lyset i din glød.
2.
På mitt bryst og på mi panne
er eg teikna med di hand
Du har kledd meg i din kjærleik
og til fred i Jesu namn.
3.
Jesus, du bar alt til krossen.
Du bar kappa som var mi.
Eg står opp med deg i lyset
og no ber eg kappa di.
Kristin Reitan
Molde 2006
Opptak frå Ørsta kyrkje
Det er koret
faSong
som syng
og melodien
er komponert av
Gaute Øvereng.
Han dirigerer koret.
Både denne og
Eilert Tøsse sin melodi
stod i Prøvesalmeboka.
|
|
|
|