1.
Ord er gøymd i meg,
sådd som småe frø frå deg.
Djupt i meg er du,
dine såkorn er mi tru.
2.
Du er i meg no,
eg kan sjå at du er god.
Døden på ein kross
opna himmelen for oss.
3.
Såkornet må dø,
slik kjem liv frå dine frø.
Nåden vert vår veg,
hjelpelause ser vi deg.
4.
Vi har lita tru,
men der vi er, der er du.
Og du får det til,
vis oss Jesus kva du vil!
5.
Ordet er frå
Gud,
minste frøet er den tru
at vi ikkje kan,
men får alt i Jesu namn.
6.
Du stod
opp og er
levande hos dine her.
Ordet er vår tru,
halleluja, her er Gud.
Kristin Reitan
Molde 19.2.16.
"Og apostlane
sa til Herren:
Gjev oss meir tru!
MEN Herren
sa til dei:
Om de hadde tru som
eit sennepsfrø,
så kunne de seia
til dette morbærtreet:
Rykk deg opp med rot
og plant deg i havet!
Og det skulle lyda dykk."
Lukas 17.
Sennepsfrøet var det
frøet som var kjent
som det minste.
Ein gong spurte
læresveinane:
"Kvifor kunne ikkje
vi .."
Dei kunne ikkje ..
Vi kan ikkje
vi heller ..
Ein mann hadde bede
dei om å driva ut
ei vond ånd.
"Meister, eg er
komen til dei
med son min.
Han har
ei mållaus
ånd i seg.
Når ho tek tak i han,
slit ho i han,
og han frodar og skjær
tenner og visnar bort.
Eg sa til
læresveinane dine
at dei skulle
driva henne ut,
men dei
makta det ikkje."
Dei prøvde å få
det til.
Dei prøvde å tru.
Dei var i opplæring
av Jesus sjølv.
Han viste dei heile
tida det same.
Han viste dei
at dei ikkje kunne.
Og så gjorde han det.
Korleis løyste Jesus det
denne gongen?
Han
sa då til dei:
"Kom hit med han!
Dei førde guten
til han."
Mark 9.
Lenge før Jesus
kom, skreiv David:
"Han skal gjera det"
Salme 37.5.
Frå Salme 19.
"Dei arme og fattige
leitar etter vatn,
men det finst ikkje.
Tunga deira brenn
av tørste.
Eg, Herren,
eg vil svara dei.
Eg, Israels Gud,
eg vil ikkje gå frå dei.
Eg vil la elvar
strøyma fram på
nakne haugar,
og kjelder midt i
dalar.
Eg vil gjera øydemarka
til ein sjø
og tørt land til
vassrike kjelder.
Eg vil la sedrar, akasiar,
myrtar og oljetre veksa
fram i øydemarka.
Eg vil ..."
"så alle kan sjå
og kjenna
og leggja seg
på hjarta
og skjøna
at Herrens hand
har gjort dette."
Frå Jesaja 41.17 ff.