1.
Din kjærleik skal nå ut til heile jorda,
i nåden din kan alle folk få bu.
Ein evig dag har kome oss i møte,
og folkeslaga kan bli eitt i Gud.
2.
Du sender oss, og glansen frå din kjærleik
skal skine fram i siger og i tap,
så Kristus
strålar fram i nye andlet,
eit morgongry skal bli til høglys
dag.
3.
Vi sår ditt ord frå høgfjell og til havet,
vi går i mot og frykt, vi skjelv og bed.
Lat våre trinn få vera i din Ande,
så våre spor ber kjærleiken frå deg.
4.
Små nakne frø er gøymt i heile verda,
og trea skiftar farge av di frukt.
Og vi får kjenne duft av dine greiner
i varmen din og freden av din pust.
5.
I takk og tvil kan tonane frå folka
bli song for oss og glimt på jord av deg.
Det lét oss få eit lys ifrå ein himmel
så vi kan kjenne kjærleiken frå deg.
Kristin Reitan
Molde 2004/06
"... kor mykje herlegare
skal ikkje då Andens teneste vera?
For hadde fordømingstenesta
sin herlegdom,
(lova, som avslører at vi har synda)
kor mykje rikare på herlegdom
må då ikkje rettferdstenesta
vera!
(Jesu soning for våre synder.)
For det som var herleg, har no
ingen herlegdom andsynes denne
overveldande rike herlegdomen"
"Då vi altså har ei slik von,
går
vi fram med stort frimod."
"Når
dei vender om til Herren,
vert dekket teke bort.
Men Herren er Anden,
og der Herrens Ande er,
der er det fridom.
Men vi som
med udekt andlet
ser Herrens herlegdom
som i ein spegel,
vi vert alle omskapte
til det same biletet,
frå herlegdom
til herlegdom,
liksom ved Herrens Ande."
Frå 2.Kor 3.
"For Gud, som baud
at ljos skulle skina fram
i mørkret,
han har og late ljoset
skina fram i hjarto våre,
så kunnskapen
om Guds herlegdom
i Jesu Kristi åsyn
skal lysa fram.
Men vi har denne skatten
i leirkar,
så den rike krafta
skal vera av Gud,
og ikkje av oss sjølve.
På alle vis er vi trengde,
men ikkje stengde;
rådville, men ikkje
rådlause;
forfylgde, men ikkje
forlatne,
nedslegne, men ikkje
utslegne."
"Difor misser vi ikkje motet.
Og endå om vårt ytre
menneske går til
grunne,
så vert det indre fornya
dag for dag.
For tregsla vår
er stutt og lett,
og for oss verkar ho
ein ny fullnad av herlegdom
i overmål på overmål.
Vi har ikkje det synlege
for auga, men det usynlege.
For det synlege varer
så stutt ei tid,
men det usynlege
er evig."
Frå 2.Kor 4.