1.
Alt som er vårt
det vart lagt på hans skuldre,
synda vart eitt med det heilage Lam.
No er vi kalla rettferdige, reine.
Skulda er sona og sletta av han.
2.
Alt som er hans
har vi fått som vårt eige,
no er vi eitt med det livet han vann.
Jesus har sagt at no er vi hans eigne,
og våre lepper får bera hans namn.
Kristin Reitan
Molde 2009
"Gud gjorde dykk levande
saman med Kristus,
i det han tilgav oss
alle
våre brot.
Han strauk ut
skuldbrevet mot oss,
det som var skreve
med bod,
det som
gjekk oss imot.
Det tok han
bort
då han nagla det
til krossen.
Han avvæpna maktene
og herredøma
og synte dei ope fram,
då han viste seg
som sigerherre over dei
på krossen."
... ... ...
"Lat ingen røva
sigersprisen
frå dykk,
om nokon
prøver seg på det
med audmjukskap
og engledyrking.
I det han gjev seg av
med syner
og hovmodar seg
utan grunn
av dei kjøtlege
tankane sine,
og ikkje held fast
på han som er hovudet."
Kol 2.14-15.
"Kva skal vi då seia
til dette?
Er Gud for oss,
kven er då imot oss?
Han som ikkje sparde
sin eigen Son,
men gav
han
for oss alle,
korleis skulle han
kunna anna
enn å gje oss
alle ting med han?"
Rom. 8.31-32.
"Kven vil skilja oss
frå Kristi kjærleik?
Trengsle
eller angst
eller
forfylging
eller svolt
eller nakenskap
eller fare
eller sverd?
Som skrive står:
For di skuld
vert
vi rekna
som slaktesauer.
Men i alt dette
vinn vi
meir enn siger
ved han
som elska oss.
For eg er viss på
at korkje død eller liv,
korkje englar
eller krefter,
korkje det som no er
eller det som koma skal,
eller noka makt,
korkje høgd
eller djupn
eller nokon
annan skapning,
skal kunna
skilja oss
frå Guds kjærleik
i Kristus Jesus,
vår Herre."
Rom.8.35-39.