|
|
|
|
|
Herrens ord er reine ord,
.... ....
- sju gonger reinsa.
Salme 12.
1.
Du er Ordet,
til før alle tider.
Du er Son
og fødd i fødselsrier,
kom med smerte
til ei jord i strid.
Du er lyse Ord
frå evig tid.
2.
Du er Ordet,
det som Moses tala.
Du er Kristus
som stod opp av grava.
Du er levande
til evig tid
og er førstegrøda
for mitt liv.
3.
Du er Ordet
som kom inn i verda,
og som levde
alt vi skulle vera.
Du bar lyset
inn i våre liv
og har sona alt
og sett meg fri.
4.
Du er Ordet,
levande i hjarta.
Eg får kvile
her ved kjeldevatna.
Alle småe frø
er liv frå deg.
Du er såkornet
som veks i meg.
5.
Du er Ordet
til ei verd som lider.
Du er frelse
midt i våre tider.
Mørkret bryt mot
lys og evig liv.
Ordet sigrar
i den gode strid.
6.
Jesus kom,
vår vinter er til ende.
Du er sol
i alt som her kan hende.
Når det mørknar
på ei sliten jord,
er det liv og sommar
i ditt Ord.
Kristin Reitan
Molde 2007
"Du er Ordet" står
i den nye salmeboken
som DELK har gitt ut.
Melodi: Hege Bålsrød.
Det er flere melodier
til denne teksten:
Melodi/arr:
Ivar J. Eliassen.
Melodi/arr:
Eilert Tøsse.
Melodi/arr:
Åshild Watne.
"Han sender sitt ord
og smeltar dei,
Han lét sin vind blåsa
og vatnet renn."
Salme 147.18.
Jesu ord:
"Da Jesus hadde fullført
denne talen,
var folket
slått av undring
over læra hans,
for han lærte dei
som ein som hadde velde,
og ikkje som deira
skriftlærde."
Matt 7.
"Guds ord er levande."
Hebr 4.12.
Ordet er den
oppstandne.
Ordet er Jesus.
Det er den oppstandne
vi møter når vi les
Guds Ord, Bibelen.
Han er Ordet.
Bibelen seier:
"I opphavet var Ordet,
og Ordet var hjå Gud,
og Ordet var Gud."
"I han var liv,
og livet var
lyset åt menneska.
Og lyset skin
i mørkret."
"Han kom til sitt eige,
og hans eigne
tok ikkje imot han.
Men alle dei som
tok imot han,
dei gav han rett til
å verta Guds born,
dei som trur
på namnet hans."
"Og Ordet
vart kjøt
og tok bustad
hjå oss,
og vi såg
herlegdomen
hans.
Ein herlegdom
lik den
ein einboren
Son har,
full av nåde
og sanning."
Joh 1.
|
|
|