1.
Lyden av våre røyster
høyrest i himmelen.
Der er Guds heilage vilje
og han talar ømt som ein ven.
Vi som er reinsa og reine
og frikjende ved eit ord,
er i hans kjærlege tanke
og bur i hans blikk mot jord.
2.
Lyden av våre røyster
er i det råd han la,
da han bar bort våre synder
og himmelen gav oss sitt ja.
Vi er dei heilage, reine,
for synda er gløymd hos Gud.
Det som er stengsle og murar
er sona og viska ut.
3.
Lyden av våre røyster
høyrest i Herrens rom,
og som den mildaste kjærleik
er svaret hans til oss som born.
Da får vi kjenne hans nåde
om nei er det ord han sa.
Krafta vert fullend i vanmakt
og alle hans svar er ja.
Kristin Reitan
Molde 2010
Paulus fekk ikkje
bønesvar ..
... slik som han
nok hadde tenkt det.
Han hadde noko
som var vanskeleg
å leva med.
Det plaga
og gjorde vondt.
Så vondt at han
kallar det ein torn
som stakk inn i
hans kropp.
Slik skreiv han:
"For at eg ikkje
skal gjera meg stor
av dei overmåte høge
åpenbaringane,
har eg fått
ein torn i kjøtet,
ein Satans engel
som skal slå meg,
for at eg ikkje
skal opphøgje
meg.
Om denne
bad eg Herren
tre gonger
at han måtte
vika frå meg.
Men han
sa til meg:
Min nåde er
nok for deg,
for mi kraft
vert fullenda
i veikskap.
Difor vil eg helst
rosa meg av
veikskapen min,
for at
Kristi kraft
kan bu
i meg."
2.Kor.12.
Slik var
bønesvaret ..
Målet var
at Kristi kraft
skulle bu i han.
Kraft!
Kristi kraft!
Ikkje noko mindre
enn det!
Difor rosa han seg
av veikskapen sin.
Tornen sin.
Og krafta
fekk han erfare!
Jesu nåde
er nok!
* * *
Litt meir
"Paulus"
om kva Gud
held på med
i våre liv:
"All tukt,
tykkjest nok,
når ho står på,
ikkje å vera til glede,
men til sorg.
Men sidan
gjev ho dei
som har vorte
oppøvde til dette,
rettferds
sæle frukt."
Hebr 12.
Gud sjølv leier
oss til denne
frukta.
Vi forstår ikkje
vegen dit.
Vi forstår ikkje
Guds nei.
Og kjem i sterk tvil.
Vi kjenner oss heller
att i ein motstand
til det han gjer
i våre liv.
Men Anden
gjev liv
og han
leier oss til bøna
om å få vera
i Guds vilje.
I si tid,
i rette tid
vil det føre oss
til det livet David
skreiv om:
"Han skal vera
lik eit tre,
planta ved
rennande
bekker.
Det gjev si frukt
i si tid,
og blada på det
visnar ikkje.
Alt det han gjer,
skal han ha lukke med.
Slik er det ikkje
med dei gudlause.
Dei er lik agner
som vinden blæs
bort"
Salme 1.
* * *
Freistingane
er sterke
i tider med liding.
Lokkande ord
om eit liv utan
sorg og sår,
forførande,
lokkande ord
lovar det gode!
Men .. ?
I GT sa
Jeremia,
profeten:
"For så seier
Herren,
Allhærs Gud,
Israels Gud:
Lat dykk ikkje narra
av profetane og
spåmennene
som er hjå dykk!
Akta heller ikkje på
dei draumane
de sjølve har!
For det er løgn
dei profeterer
for dykk
i mitt namn.
Eg har ikkje
sendt dei,
seier Herren."
Så tala han
om trengsler
som ville koma.
Men óg om
Guds rikelege,
ja, ufattelege
gode trøyst:
"For EG veit
kva tankar
eg tenkjer
om dykk,
seier Herren.
Det er fredstankar
og ikkje tankar
til ulukke.
Eg vil gje dykk
framtid og von.
Og de skal
kalla på meg
og gå av stad
og be til meg,
og eg vil
høyra på dykk.
De skal søkja meg,
og de skal finna meg
når de søkjer meg
av eit heilt hjarta."
Jeremia 29.
* * * *
"Da får vi kjenne
hans nåde
om nei er det ord
han sa.
Krafta vert fullend
i vanmakt
og alle hans svar
er ja!"
Akvarell: Kristin Reitan.
Tittel: Lyset i meg. Måla da Gud gav meg skattar, i mørkret.