|
|
|
|
|
Denne har flere melodier.
Se Hege Bålsrøds noteark
nederst på denne siden.
1.
Jesus, du som vandra
i eit aude land
og som kjente støvet
kle din fot i sand,
du som såg mot høgda
der du skulle dø
og som bar så stille
verdas skuld og nød.
2.
Støvet som ligg att
der spora dine gjekk,
dekkjer mine føter,
men no er eg sett.
Du har gått den vegen
mine føter går
og no ser eg skulda
som vart dine sår.
3.
Eg ser dine spor
som lyset i ei grav.
Eg ser dine trinn
i livet som du gav.
Støvet kring min fot
er ditt til evig tid.
Du har bore alt
og eg står opp til liv.
Kristin Reitan
Molde 2008
Profeti om Jesus
i GT, det gamle
testamente:
"Vanvørd var han,
og folk hadde
vendt seg
frå han,
ein mann i liding,
vel kjend med
sjukdom.
Han var som ein
som folk løyner
åsynet sitt for,
vanvørd,
og vi rekna han
ikkje for noko.
Sanneleg,
våre sjukdomar
har han teke
på seg,
og våre pinsler
har han
bore.
Men vi trudde
han var heimsøkt,
slegen av Gud
og gjort elendig.
Men han vart
såra for
våre brot,
knust for
våre synder.
Straffa låg
på han,
så vi
skulle
ha fred,
og ved
hans sår
har vi fått
lækjedom.
Vi for alle vilt
som sauer,
vi vende
oss kvar
til sin veg.
Men
Herren
let råka han
det som vi
hadde skuld i
alle.
Han vart ille
medfaren,
og han vart
plaga,
men han
let ikke opp
sin munn."
Jes 53.
Jesu frelsesverk
var nøyaktig forutsagt
lenge før han kom.
No har vi sett
det oppfylt.
Og kan juble
av glede.
Det nye
testamente
vitnar:
... ...
"Difor
jublar de
av glede,
jamvel
om de no
ei lita stund,
når så skal vera,
har sorg
i mange slag
prøvingar.
Dette hender
for at
dykkar
prøvde tru,
som er mykje
kostelegare
enn det
forgjengelege
gull
- som vert lutra
i eld -
skal verta
funnen
til lov
og pris
og ære
når
Jesus Kristus
vert openberra.
Han elskar de
endå de ikkje
har sett han.
Han trur de på,
endå de
no
ikkje ser han.
Og de frydar dykk
med ei
useieleg
og herleggjord
glede."
1.Peter 1.
Note: Hege Bålsrød
Note: Hege Bålsrød
|
|
|