1.
Vi kastar våre såkorn
med eit blikk på dette Lam,
som gav seg sjølv i kjærleik
og legg frøa i vår hand.
Kallet frå hans munn
er småe såkorn sådd i jord,
og korna veks og mognar
i frå Herrens nådeord.
2.
Vi kastar våre såkorn
med ein takk for alt han bar,
og glimt i frå hans kjærleik
er i våre fotefar.
Orda frå hans munn
er nådens såkorn i vår hand,
og frukta av dei leppene
som lovar Herrens namn.
Kristin Reitan
Molde 2010
I det nye
testamente
ser vi korleis
dei truande
ba til Gud:
"Gjev
tenarane dine
å tala ditt ord
med stort frimod,
i det du
rettar ut
handa di
for å
lækja
og gjera
teikn og
under
ved namnet
til Jesus,
din heilage
tenar.
Og då dei
hadde bede,
skalv staden der
dei var samla.
Og dei vart alle fylte med den
Heilage Ande,
og tala Guds ord
med frimod."
Og så står det
kva som skjedde
etter at dei hadde
sett Jesus dø for dei,
og sorga som vart til glede
da dei fekk sjå han
som den oppstandne.
Den Heilage Ande
kom over dei på pinsedag,
slik at dei forstod innhaldet i
det Jesus kom for å gjera.
No såg dei evangeliet
om hans frelse.
Og da kunne dei ikkje anna
enn å fortelja denne gleda vidare.
Den Heilage Ande
gav dei å tala Guds ord
med frimod.
Ved hans død og oppstode
fekk dei også del i
Guds kjærleik
og det vart godt
å væra til og å høyra til
i flokken av dei truande:
"Heile flokken
av dei som
var komne
til trua,
hadde
eitt hjarte
og éi sjel.
Og ikkje ein einaste
sa at det han åtte,
var hans eige,
men dei hadde
alt i lag.
Med stor kraft
bar apostlane fram
vitnemålet om at
Herren Jesus
var stått opp,
og stor nåde
var over dei alle.
Det var heller ikkje
nokon mellom dei
som leid naud,
for alle som åtte
jord eller hus,
tok til å selja
og kom med pengane
for det
de hadde selt,
og la dei for
føtene til
apostlane.
Så delte dei ut
til kvar einskild
det han trong."
Slik var frukta
av Jesu død
på krossen.
Og vi kan få
same frukt ved
å høyra denne
bodskapen.
Det Jesus har gjort
gjev oss alt dette,
Den Heilage Ande
lengtar etter å vise
oss innhaldet og gje oss
frukta av evangeliet
også i dag.
* * * * *
Dei som såg
Jesu kross
og hans
oppstode,
dei såg
Guds
kjærleik.
Og dei fekk sjølv
Jesu kjærleik
ved den Ande
dei fekk.
Jesu Kristi Ande
er kjærleik.
Andens frukt
er kjærleik, glede,
fred.
Evangeliet
om Jesu kross
gjev frukt:
"Evangeliet
er kome til
dykk óg,
liksom det er
i heile verda,
og det
ber frukt
og veks."
Grunnlaget
er det som Jesus
har gjort.
Dette er den løyndom
vi skal få sjå inn i
og som er vår
uendeleg store glede
og rikdom:
"Han er den som
fridde oss ut or
mørkets makt
og sette oss
over i sin
kjære Sons rike.
I han har vi
utløysinga,
forlating
for syndene."
Frå Kol.1.
Krossen er vår
frelse.
Ei gåve som
er vår, ved tru.
Ikkje ved at vi
får til å tru,
men ved at vi får
sjå kva han gjorde
for oss og at vi skal
få dette gratis
og ufortjent.
Og ei av fruktene
er kjærleik.
Gud gjev oss
sin kjærleik
ved Jesu kross.
Slik forklarar
Bibelen dette:
"Guds kjærleik
er utrend i
hjarto våre
ved
Den Heilage
Ande,
som vart
gjeven
åt oss.
Rom 5.5.
Der evangeliet er,
der er Guds
kjærleik
i oss
og mellom oss.