1.
Det er Herren, sjå han lever,
han stod opp og er hos oss.
Han dei spotta, han dei bøygde,
han som einsam lei og døydde,
no er han den levande imellom oss.
2.
Det er Herren, høyr han talar,
han stod opp og han er her.
Han vil vere hos den eine
som i svik vart heilt åleine.
No er såra i hans frelsarhender her.
Kristin Reitan
Molde 1.påskedag 2011
* * *
Vi kan lese korleis
Jesus bad til sin Far.
Han var saman med sine
vener før kross og død,
og bad slik:
"Dette talar eg
i verda
så dei skal ha
mi glede
i seg
heilt og fullt."
Joh 17.
"Så dei skal ha
mi glede
i seg!"
Slik bad Jesus.
* * *
Og så sa han
at dei skulle ikkje
bli att åleine.
Han skulle fara opp
til himmelen.
Og der ville han
be Faderen om
å gje dei noko.
Jesus sa:
"Og eg vil be
Faderen,
og han
skal gje dykk
ein annan
talsmann,
så han skal vera
hjå dykk
til evig tid,
Sanningsanden,
som verda
ikkje kan få,
for ho
ser han ikkje
og kjenner
han ikkje.
De kjenner han,
for han vert verande
hjå dykk
og skal vera i dykk.
Eg skal ikkje lata
dykk att farlause,
eg kjem til dykk."
* * * *
"Eg kjem til dykk."
Slik tala Jesus om
den Ande dei skulle få.
Den Heilage Ande.
Slik skulle han sjølv
koma til dei.
Slik kjem Jesus
til oss.
Han er i oss.
Og saman med oss.
* * * *
Jesus skulle dø,
og etter oppstoda
skulle han bli teken opp
til himmelen att.
Han sa:
"Endå ei lita stund,
og verda ser meg
ikkje lenger.
Men de ser meg,
for eg lever,
og de skal leva.
På den dagen
skal de kjenna
at eg er i Far min,
og de i meg,
og eg i dykk."
* * * *
Så sa han:
"Den som
har boda mine
og held dei,
han er den
som elskar meg.
Og den som
elskar meg
skal Far min
elska.
Og eg skal
elska han
og openberra meg
for han."
Joh 14.
* * * * * *
"Den som har
boda mine
og held dei,"
sa han.
Med det meiner
ikkje Jesus at vi får til
å leve slik vi skulle,
.. etter dei 10 bod.
Frelsa er ikkje av
gjerningar.
Og vi blir aldri
fullkomne så lenge
vi lever her.
Med boda meiner
han alle orda han
har tala,
nådeorda,
orda om tilgjeving
fordi Jesus har
sona synda vår,
slik at vi kan få
Den Heilage Ande
og Jesu
kjærleik
og kan gle oss
over hans ord.
Vi får eit
nytt sinn,
eit sinn som
har si glede i
Guds ord,
og eit ønske om
å kunne leve
slik han vil.
Det er det
ordet betyr.
Vi held orda
slik vi held
ein dyrebar skatt
i hendene våre.
Vi tek vare på
det kjæraste
vi eig,
det vi er
mest redd for
å miste.
Og vi vil
for all del
ikkje miste Jesus
og orda hans.
Gud sjølv vil
leie oss inn i
dette livet med
han.
Og vi vil erfare
at hans ord
er sanne.
Og så står det
at han vil
openberre seg
for oss.
Jesus blir
vår glede!
Dette vil ikkje
skje utan kamp
og tvil.
Men når tvil
og uro kjem,
vil han sjølv
ta seg av oss
og leie oss
inn att
i si glede.
Ikkje verda si glede.
Ikkje verda sin fred.
Men Jesu glede
og fred.
Dette er ikkje
eit krav om
å vera glad.
Gleda over han
er annleis.
Den er vår
også når sorg
og andre kjensler
dominerer oss.
Kjensla av glede
kan vera borte.
Da skal vi ikkje
streve,
slik mange krev.
Men vi skal
få sjå og erfare
hans godleik
på nytt og
på nytt.
Han tek seg
av oss som
sine barn.
Ja, openberrar
seg for oss,
og leier oss
inn i si i glede!
Vi skal få smake
og vi skal få sjå
at Herren
er god!