1.
Du har skapt deg rom og klodar,
teikna deg ei sol i eld,
let ditt andlet lyse over oss
som sol ein sommarkveld.
2.
Du bles Ande over vatna,
mørker over havdjup låg.
Er i bølgja som frå landa,
stilt mot våre svaberg slår.
3.
Du baud jorda bera vokstrar,
planter som set frø og veks.
Vi kan sanke frukt med frø i,
smak av paradisets fest.
4.
Livet brer seg over jorda,
ho vart til ein fødestad.
Og eit ljos i frå ei æve
leikar mot eit andletsdrag.
5.
Du har laga oss av leire,
men du pusta jord til liv,
bygde oss av mold og himmel,
naken hud ber æva di.
6.
Såra verd i fall og freisting,
naglar inn i heilag hud.
Du som bar ei tornekrone
var ein Son, ein evig Gud.
7.
Jord og andlet kviskrar stille
om ein Gud, om frelsarord,
som ein herlegdom og spegel
der ein kjærleik famnar jord.
Kristin Reitan
Molde 2004-07.
"Han let kjelder fløyma fram i dalane,
mellom fjella flyt dei fram."
Salmane 105.
"Gløym ikkje å prisa hans verk, det alle menneske
syng om.
Alle menneske ser det, dei skimtar det langt borte.
Sjå, Gud er stor, og vi forstår han ikkje, hans år kan
vi ikkje telja.
Han dreg vassdropar opp til seg, og av tåka silar regn-
et ned.
Det fløymer ifrå skyene og fell på mange menneske.
Kan nokon forstå korleis skyene breier seg ut, korleis
det tornar under hans bustad?
Han breier lyn omkring seg og løyner havsens djup.
Slik held han dom over folka, og slik gjev han mat i
overflod."
Job 36.