Gud er så stor at himmelen ikkje kan romme han. Og heller ikkje Guds hus på jorda... Men
Gud ville at Salomo skulle bygge eit hus. Han skulle bygge opp att tempelet. Han vil gjera
det no óg.
Men no bygger han sitt tempel i oss. Ved evangeliet.
Han har sigra og vil bu i oss og midt i mellom oss og leie oss slik han gjorde det i Israel den
gongen. Like mektig som da. Ja, enda meir no enn da. For no har Jesus fullført
alt det som
vart lova i det gamle testamentet.
Tempelet som Salomo bygde, peika fram mot dette tempelet i oss. Det levande tempelet ..
i oss. Der Gud sjølv bur, ved sin Ande.
1.
Himmelen,
den høge himmel,
kan ikkje romme deg.
Vak over
dette hus
og denne stad
der namnet ditt tek bustad.
2.
Heilag Gud,
i skoddemørkret,
hos oss vil du ta inn,
så herledomen
din kan fylle oss
og vi kan være tempel.
3.
Heilag
Gud,
kom til vår avmakt
og lat oss sjå din kross,
så krafta di får rom
i våre hus og bur
i våre stengsler.
4.
Heilag Gud,
den høge himmel
er høgsal for Guds Lam.
Der skal vi bu i lys,
som dagens barn
i jubel
ved ditt andlet.
5.
Himmelen,
den høge himmel
kan ikkje romme deg,
men du har gjort i stand
eit evig hus
og døra inn er opna.
Kristin Reitan
Østerdalen 2005/07
Frå
det gamle testamentet, i Bibelen:
Men bur då Gud verkeleg på jorda? Sjå, himlane og himmel-himlane
rømer deg ikkje! Kor mykje mindre då dette huset som eg har bygt.
Likevel vil du venda deg til bøna åt tenaren din og det audmjuke yn-
sket hans, Herre min Gud, og høyra det ropet og den bøna
som tena-
ren din ber fram for åsynet ditt i dag.
Lat augo dine vera
opne over dette huset natt og dag - staden du har
tala om, og sagt: Namnet mitt skal bu der. Høyr den bøna tenaren din
bed, vend mot denne staden.
Du vil høyra på bøna åt tenaren din og det audmjuke ynsket åt
Israel,
folket ditt, som dei ber fram vende mot denne staden. Ja, du vil høy-
ra
det på den staden der du bur, i himmmelen. Du vil høyra og tilgje.
Når nokon syndar mot nesten sin, og dei krev at han skal gjera eid, og
han så kjem inn og sver framfor altaret (der dei fekk tilgjeving på grunn
av soningsoffer
som peika fram mot Jesu soning) ditt i dette huset,
så vil du høyra i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til rett-
en deira. Du vil døma den skuldige skuldig og la gjerningane hans koma
over hans eige hovud, og du vil døma den
rettferdige rettferdig, og la
han få att for rettferda si.
Når
fienden vinn over Israel, folket ditt, fordi dei syndar mot deg, men
dei så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt og bed og tryglar
deg om miskunn i dette huset,
då vil du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira
og føra dei attende til det landet du har gjeve fedrane deira.
Når
himmelen vert stengd så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda
mot deg, og dei så bed, vende mot denne staden, og vedkjennest nam-
net ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjukt dei,
då vil du høyra det i himmelen
og tilgje synda åt tenarane dine og Is-
rael, folket ditt. Du vil læra dei den gode vegen dei skal vandra, og du
vil la det regna over landet ditt ...
1.Kongebok 8.27 ff
Når dei syndar mot deg - for det finst ikkje noko menneske som ikkje
syndar - og du vert harm på dei og gjev dei i handa på fienden,
så han
tek dei til fange og fører dei bort til landet åt fienden, langt unna eller
tett ved,
men dei så tek seg dette til hjarta i det landet der dei er fangar, så
dei vender om og tryglar deg om nåde i fiendelandet der dei vert hald-
ne som fangar, og seier: Vi har synda og bore oss ille åt,
vi har vore gud-
lause, ja dersom dei då vender om til deg av heile sitt hjarta og heile si
sjel i landet åt fiendane sine, hjå dei som har ført dei bort til fangen-
skapet, og dei bed, vende mot landet sitt, som du har gjeve
fedrane
deira, og mot den byen du har valt ut, og det huset eg har bygt for
namnet ditt
-
så vil eg høyra bøna og det audmjuke ynsket deira i himmelen, der du
bur, og hjelpa dei ...
1.Kongebok 8. 46 ff.
Paulus' 1.brev til Korintarane:
De er Guds åkerland, Guds bygning. Etter den Guds nåde eg har fått, har
eg lagt
grunnvoll som ein vis byggmeister, og ein annan byggjer vidare på
han. Men kvar sjå til korleis han byggjer vidare.
For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som er lagd, det er Kris-
tus Jesus.
1.Kor 3.9 ff.
Telt:
"Vi veit
at om det teltet vi lever i på jorda, vert rive ned, så har vi ein byg-
ning som er av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, evig i himme-
len."
2.Kor 5.1.
Hytte:
"Vi som er i denne hytta, sukkar under børa. For vi vil ikkje verta avkledde,
men overkledde, så det døyelege skal verta slukt av livet.
Men han som har sett oss
i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden
til pant.
Difor er vi frimodige, endå
vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi
borte frå Herren.
For vi ferdast
i tru, ikkje i syn."
2.Kor 5.