Morgonsola.
1.
Morgonsola varsla dag,
lyset kvilte
mot hans grav.
Steinen velta, alt var gjort,
grava hans var opna opp.
2.
Han var såra,
kledd i skam,
tornar teikna inn i han.
Redd, forkomen på ein kross
vann han sigeren for oss.
3.
Englane forkynte fred,
no er han den levande.
Jesus døydde, men han er
ikkje
mellom døde her.
4.
Kvinner kom, i største nød,
men vart kledd i heilag glød.
Englar stråla, kleda skein
i eit lys frå himmelen.
5.
Slik er det der Jesus kjem,
livet vaknar, sola renn.
Gå og sei det, rop det ut,
han har sigra, han er Gud.
Kristin Reitan
18.-26.3.2016